
13/12/2024
Studietur til Grimstad
Tysdag 17. desember var utvalet på førjulstur i Grimstad, for å få innspel og perspektiv frå lokale aktørar.
Kompetansebehovsutvalet ønskte å dra på ein studietur for å få fleire perspektiv inn i arbeidet med temaet digital teknologi.
Valet fall på Grimstad, der det er mogleg å besøkje ei rekkje interessante aktørar knytt til Universitetet i Agder og lære meir om korleis ulike verksemder i Agder møter endringar i kompetansebehov.
Mechatronics Innovation Lab og Senter for e-helse
Utvalet besøkte først Mechatronics Innovation Lab. Formålet deira er å auke verksemders konkurransekraft gjennom bruk og forståing av ny teknologi.
Utvalet fekk ei omvisning og fekk høyre tankane deira om korleis maskiner og digital teknologi kan endre kompetansebehov, og korleis dei jobbar med kompetanseutvikling i lokalt arbeidsliv.
Deretter gjekk turen til Senter for e-helse, som med kunnskap og løysingar ønskjer å løfte dei digitale helsetenestene i framtida .
På forskingssenteret fekk utvalet høyre meir om korleis digital teknologi endrar kompetansebehov i helsesektoren, og korleis dei jobbar med å møte endra kompetansebehov gjennom både utdanning og kompetanseutvikling i arbeidslivet.
Diskusjon med lokale IT-aktørar
På ettermiddagen fekk utvalet besøk av ei rekkje lokale IT-aktørar. Desse heldt først innlegg, før felles diskusjonar med utvalet.
- Professor Øystein Sæbø, Leiar Institutt for informasjonssystemer
- Cathrine Stien, Daglig leiar for Digin, Noregs største IT-klynge
- Helene Tønnesen, Regionsleiar Sør, Bouvet
- Ann-Helen Moum, Kommunalsjef digitalisering i Kristiansand kommune
Kapittelutkast og dialog om djupdykk
Dagen vart avslutta med diskusjonar om tidlege tekstutkast til den endelege rapporten som skal leverast i desember 2025. Utvalet vil også ha dialog med Oxford Research og SINTEF Digital om val av djupdykk i eit forskings- og utgreiingsoppdrag dei gjennomfører for KBU.
Sjå dagsorden for studieturen og utvalsmøtet 17. desember 2024